mini|Sykliske sediment frå Atlasfjella i Marokko Syklisk sedimentasjon er gjenteken sedimentasjon av ei bestemd rekkjefølge (syklus) av sediment, til dømes kalkstein, leire, kol, svart skifer, grå skifer, så kalkstein, leire osv. igjen. I eit sedimentasjonsbasseng kan det vere fleire hundre slike syklar over kvarandre. Fenomenet kjem av periodiske forandringar i avleiringsforholda og havnivået, kombinert med ein jamn innsynking av jordskorpa.

Kjelder Syklisk Sedimentasjon. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/syklisk_sedimentasjon.

Kategori:Sedimentologi Kategori:Stratigrafi