Chaitén er ein vulkansk kaldera med ein diameter på 3 km, som ligg 17 km vest for den isdekte vulkanen Michinmahuida og 10 km nordaust for byen Chaitén, nær Corcovadobukta sør i Chile. Det siste utbrotet starta 2. mai 2008 og enda i 2010. I følgje Global Volcanism Program har radiokarbondatering av eldre tefra vist at vulkanen hadde det førre utbrotet sitt kring 7420 fvt. ± 75 år. mini|venstre|Bilete av den rhyolittiske lavadomen til Chaitén under utbrotet i 2008-2010.

Kalderakanten ligg 1122 meter over havet. Før det noverande utbrotet var han stort sett fylt av ein lavadom av rhyolittis obsidian som nådde høgda 962 meter over havet og var delvis dekt av vegetasjon. To små innsjøar okkuperer botnen av kalderaen på vest- og nordsida av lavadomen.

Den gjennomsiktige grå obsidianen som hadde vorte kasta ut av vulkanen, vart nytta av førkolumbiske kulturar som råmateriale for lekamar, og er funnen opp til 400 km sør og nord for vulkanen, til dømes i Chan-Chan. Pino, Mario and Navarro, Rayen. Geoarqueología del sitio arcaico Chan-Chan 18. Revista Geológica de Chile, 2005.

2008-09-utbrotet Dei chilenske styresmaktene byrja ei evakuering av den nærliggande byen Chaitén (4200 innbggjarar) og det kringliggande området same dagen som utbrotet starta og hovudfasen var over den 3. mai 2008. Ein eldre person døydde på sjøen på veg til Puerto Montt. Ettermiddagen 3. maim hadde oskeskya frå utbrotet spreiddseg over Chile og Argentina til Atlanterhavet, og forureina drikkevatnenet, og visstnok dekka byen Futaleufú som ligg 75 km mot søraust med 30 cm oske. Dette viste seg å vere overestimert, og seinare undersøkingar synte at avsetningane kring Futaleufú var mindre enn 5–10 cm. mini|Bilete av oskesky frå 2008-utbrotet som strekkjer seg inn i San Jorge Basin i Atlanterhavet. MODIS, 2008-05-03.

mini|venstre|Chaitén sett frå eit fly i oktober 2008.

Den 6. mai 2008 vart utbrotet kraftigare og produserte pyroklastiske straumar og mogelegeins nokre lavaeksplosjonar, og oskesøyla steig til ei høgd på kring 30 000 meter. Folk som var att og nesten alle innbyggjarane i Chaitén og nærliggande landsbyar vart evakuerte, og det same vart Futaleufú. mini|Oskeskya den 6. mars 2009. EO-1.

Den 21. mai 2008 vart ein ny lavadom observert under oppbygging i krateret, og 24. mai 2008 hadde overgått høgda til den gamle domen. Lavadomen heldt fram å vokse utover sommaren 2008.

19. februar 2009 kollapsa ein delvis dom og skapte ein pyroklastisk straum som strekte seg ned til Chaiténdalen og stoppa opp 5 km frå byen Chaitén. Oska nådde igjen Futaleufú og delar av Chubut-provinsen i nabolandet Argentina.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chaitén (volcano)» frå , den 8. januar 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff BBC News: In pictures: Chile volcano erupts Chaiten Volcano Still Active - The Big Picture - Boston.com

Kategori:Fjell i Chile Kategori:Kalderaer i Chile Kategori:Aktive vulkanar Kategori:Kratersjøar Kategori:Vulkanar i Chile Kategori:VEI-4-vulkanar Kategori:Vulkanutbrot i 2008 Kategori:Vulkanutbrot i 2009 Kategori:2008 i Chile Kategori:2009 i Chile