Binghambreen er ein isbre som er 9 km lang og som flyt austover til austkysten av Den antarktiske halvøya, med Cape Reichelderfer som den sørlege inngangsporten. Kysten der Binghambreen når Larsenisen vart fotografert av sir Hubert Wilkins i 1928 og av Lincoln Ellsworth i 1935, og vart kartlagt av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill, som i lag med E.W. Bingham køyrde hundeslede over halvøya til eit punkt like sør for denne breen i 1936. Han vart òg kartlagt i 1940 av U.S. Antarctic Service. Isbreen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names i 1947 etter kirurgen E.W. Bingham i Royal Navy, som deltok på BGLE.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Palmer Land