Rogstadbreen er ein isbre som flyt nordvest langs nordsida av Isingen i H.U. Sverdrupfjella i Dronning Maud Land. Han vart fotografert frå lufta av Den tyske antarktisekspedisjonen (1938–39). Han vart kartlagd av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (NBSAE) (1949–52) og flyfoto av den norske ekspedisjonen 1958–59. Han er kalla opp etter Egil Rogstad, som var sjefstelegrafist på NBSAE.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Dronning Maud Land Kategori:Kronprinsesse Märtha Kyst Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn