Orrfugl (Lyrurus tetrix) er ein fugleart av skogshøns og er ein del av fasanfamilien Phasianidae. Han har palearktisk utbreiing frå Skottland i vest til nordaustlegaste Kina i aust.

Kjenneteikn Det er stor skilnad på høna og hanen. Høna er brunspragla. Hanen er nærmast svart med blåskinnande fjør på brystet. Halen er lyreforma, og det kvite vengjespelet er lett å kjenne igjen under flukt. Hanen veg mellom 1 og 1,5 kg og er om lag 53 cm lang. Orrfugl kan vanskeleg forvekslast med andre fuglar, men hofuglen kan likne på røya (storfuglhoa).

Åtferd Orrhanespelet (orrleiken) er innleiinga til forplantinga. Den er tidleg på våren og skjer på islagte vatn og opne myrar. På linje med storfuglen er orrfuglen polygam. Paringa skjer på leikplassen i mai. Høna legg 8-9 egg i eit reir på bakken og ho rugar dei ut på 25-27 dagar.

Kulla held saman heile sommaren. Utover hausten er dei meir spreidd. Vinterstid går dei ofte saman igjen i små flokkar og då beitande i bjørkeskogen. Ved kraftig snøver går dei ofte i dokk, slik som rypene.

Utbreiing Arten lever nær skog på stepper, heier, myrer og nær dyrka område, frå nordvestlege Storbritannia i vest mot aust over Fennoskandia, Baltikum og europeisk og asiatisk Russland til nordaustlegaste Kina. Dessutan fragmentert i fleire sentraleuropeiske land. I Noreg Orrfuglen held til i skogsområde i heile landet, men sjeldan i Finnmark. Orrfuglen likar seg helst i litt meir opent lende enn storfuglen. Lyngrabbar og myrparti trivst dei godt i. I barmarksessongen er bær viktigaste føde, om vinteren tar dei opp mot bjørkeskoggrensa for å beite på skota.

Jakt Orrfuglen er jaktbar og kjent for godt kjøtt. Årleg vert det felt om lag 30 000 orrfugl i Noreg.

Galleri

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skogshøns Kategori:Jakt Kategori:Fuglar i Noreg