Northwindbreen er ein stor isbre i Antarktis og ei av dei største kjeldene til Frybreen i Convoy Range i Victoria Land. Isbreen drenerer den vestlege delen av Flight Deck Neve og flyt nord mellom Elkhorn Ridge og Sunker Nunataks til Frybreen. Ein flik av isbreen flyt vestover like før munningen til Greenville Valley. Han vart namngjeven av den nordlege landmålingsgruppa frå New Zealand (1956–57) under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition etter USCGC «Northwind» (WAGB-282), ein isbrytar i den amerikanske konvoien ut i McMurdo Sound under Operasjon Deep Freeze 2 det året.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:Scott Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter skip