Fjord1 Fylkesbaatane (tidlegare Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) er eit norsk transportselskap. Det er ein del av Fjord1-konsernet, og driv i hovudsak ferje-, passasjerbåt- og godsbåt-trafikk i Sogn og Fjordane.

Historie I 1858 vart selskapet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe skipa. I åra rundt hundreårsskiftet var den seinare statsministeren i Noreg, Christian Michelsen direktør. I 1919 endra selskapet namn til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. 1937 bygde selskapet sitt siste dampskip D/S «Fanaraaken». I 1939 kom «Lærdal» som var den første bilferja.

Utviklinga av Fylkesbaatane slik ein kjenner selskapet i dag starta på slutten av 1960-talet. Då bygde dei sine første snøggbåtar samstundes som det vart satsa sterkt på bygging av bilferjer. Berre på slutten av 1970-talet vart fem ferjer av det som den gong vart kalla 50-bilars-ferjer eller Møre-modellen sett i trafikk. I løpet av 1980- og 1990-talet vart flåten ytterlegare modernisert.

I 2001 danna Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar selskapet Nordvestlandske. Samarbeidet vart i løpet av det neste året utvikla vidare og i 2002 vart det til transportkonsernet Fjord1.

Fjord1 har kring 500 tilsette og har hovudkontor i Florø.Fjord1.no

Flåte

Ferjer MF Aurland MF Dalsfjord MF Eid MF Fanaraaken MF Fjærlandsfjord MF Florøy MF Førdefjord MF Gloppen MF Gulen MF Lærdal MF Nordfjord MF Nårasund MF Selje MF Sogn MF Sognefjord MF Stryn MF Sunnfjord MF Svanøy MF Værøy

Kombinasjonsbåtar MS Fjordglytt MS Sylvarnes

Passasjerferjer MS Gudvangen MS Skagastøl

Ekspressbåtar MS Delfin jr. MS Fjordprins MS Fjordtroll MS Kommandøren MS Solundir

Bakgrunnsstoff Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: "17 artiklar om Fylkesbaatane"

Referansar

Kategori:Norske reiarlag Kategori:Fjord1 Kategori:Sjøfart i Vestland