Tenterhooks Crevasses er eit stort system av bresprekker i Rennickbreen mellom Morozumi Range og Lanterman Range. Den sørlege delen av desse bresprekkane (nær Onlooker Nunatak) vart kryssa med store vanskar av medlemmar frå den nordlege geolog-gruppa under New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1963–64, som gav dette namnet. On tenterhooks er eit engelsk uttrykk for «pinleg spenning» eller «utolmodig».

Kjelder

Kategori:Bresprekkfelt i Ross Dependency Kategori:Geografi i Victoria Land Kategori:Pennell Coast