Julius Johan Ferdinand Kronberg () var ein svensk målar, ein av dei mest framståande kunstnarane i landet i perioden 1870-1920. Han utsmykka mange kjende bygningar i Stockholm.
mini|portrett|venstre|Julius Kronberg i 1890 mini|Takmåleri i Adolf Fredriks kyrka i Stockholm, 1900 mini|Jaktnymf och fauner, 1875
Liv og gjerning Allereie som fjortenåring fekk Kronberg plass ved kunstakademiet i Stockholm. Her slutta han seg mest til Johan Christoffer Boklund og hans historiemåleri, som Kronberg kom til å ta til seg som sitt eige. Også ei kort tids studiar med Johan Fredrik Höckert kom til å spele ei viktig rolle for kunsten hans. I 1870 fekk Kronberg gullmedalje for måleriet Gustav Vasa mottager bibelöversättningen.
Med eit reisestipend fór han i 1873 til København, Düsseldorf og Paris. Under eit kort besøk i Venezia i 1875 laga Kronberg allegorien Våren, eit bilete som innleia ein serie med fargesprakande og fantasifulle dekorative verk. I lengre tid budde han i München, der han innretta studiane mot dekorativt måleri, før han i 1877 busette seg i Roma. Kronberg vart både i München og Roma kjend med fleire norske målarar og forfattarar, mellom andre Henrik Ibsen.
I Roma omarbeidde Kronberg sitt tidlegare måleri Våren til ein ljosare versjon, med ein koloritt som minner om kunsten til Giovanni Battista Tiepolo. Samstundes måla han to sidestykke til verket; Sommar og Höst (1881). Elles måla han særleg historiske og mytologiske motiv som Kleopatras död (1883), David och Saul (1883), Romeo och Julia på balkongen och i gravvalvet (1886), Drottningen av Saba (1888) og Hypatia (1889).
Ved heimkomsten til Sverige i 1889 busette Kronberg seg i Stockholm, der han i tida 1895-98 var professor ved kunstakademiet. I heimlandet fekk han ei mengd utsmykkingsoppgåver, og det er desse han i dag er mest kjend for.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Julius Kronberg» frå , den 24. februar 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Svenske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Målarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Karlskrona