Taplejung er eit distrikt i Mechi-sona i Den austlege utviklingsregionen i Nepal. Det er er det nordaustlegaste distriktet i landet, og det nest høgaste.
Taplejung har eit areal på 3 646 km² og eit folketal på nær 130 000. Hovudstaden heiter også Taplejung.
Den nordlege delen av distriktet høyrer til Himalaya. Kantjendjunga, det tredje høgaste fjellet i verda, ligg i Taplejung. Tamur-elva har utspring i dette fjellet og renn gjennom distriktet. Kantjendjunga naturvernområde dekkjer den nordlegaste halvdelen av distriktet.
Pathibhara-tempelet som ligg her er eit viktig valfartsmål for buddhistar, hinduar og kirantar.
I vest grenser Taplejung mot distriktet Sankhuwasabha, i nord mot Tibet, i aust mot Sikkim og i sør mot dei nepalske distrikta Panchthar og Terathum.
Bakgrunnsstoff
Kart over Taplejung distrikt Kart med helsestatistikk (engelsk)
Kjelder
«Where we operate», kangchenjunga.org
Denne artikkelen bygger på «Taplejung distrikt» frå , og «Taplejung District» frå den 20. mars 2014.
Kategori:Nepalsk geografi Kategori: Distrikt i Nepal