Ajjubide-dynastiet (kurdisk دەوڵەتی ئەییووبی Dewleta Eyûbiyan; arabisk الأيوبيون al-ʾAyyūbiyyūn) var eit muslimsk dynasti av kurdararSaladin. The Columbia Encyclopedia, sjette utgåve som herska over Egypt, Syria, Jemen (med unntak av dei nordlege fjella), Diyarbakir, Mekka, Hijaz og det nordlege Irak på 1100- og 1200-talet.

Saladin Ajjubide-dynastiet vart grunnlagt av Saladin (Salah al-Din) som saman med onkelen sin Shirkuh, erobra Egypt for leiaren til zengidane for den syriske provinsen, Nur ad-Din, emir av Damaskus og Aleppo, i 1169. Namnet Ajjub kjem frå far til Saladin og broren til Shirkuh, Najm ad-Din Ayyub. Då Shirkuh døydde, konsoliderte Saladin raskt makta og slo tilbake eit krossfararåtak på Damietta same år. Han slo òg ned eit opprør blant svarte afrikanske soldatar. Saladin avsette den siste fatimid-kalifen i 1171, men han vart gradvis framandgjort frå den tidlegare herren sin, Nur ad-Din.

«Endå ein gong kjende Egypt ein ubestridd herre som var i stand til å organisere ressursane hennar i menn og velstand til å føre krig mot frankarane».Smail, s. 34 Allereie i 1170 plyndra Saladin krossfarardistriktet Gaza og Darum. Året etter tok han tilbake Eilat ved Aqababukta frå kongedømet Jerusalem. Han plyndra i 1171 og 1173 lena Montreal (Shobak) og Al Karak i Transjordan.

Då Nur ad-Din døydde i 1174, erklærte Saladin krig mot den ungen sonen til Nur ad-Din, As-Salih Ismail, og tok Damaskus. Ismail flykta til Aleppo der han heldt fram å gjere motstand mot Saladin til han vart myrda i 1181. Saladin tok i 1175 og 1176 kontroll over det indre av Syria, med unntak av Aleppo. Han erobra til og med Al Jazira i det nordlege Irak. Dermed gjorde han zengidane i Mosul og Sinjar og artukidane i Mardin og Diyarbakir til vasallane sine. Han oppnådde òg kontroll over Hijaz og Jemen.

Saladin vende merksemda si mot krossfararstatane igjen i 1177 ved å invadere kongedømet Jerusalem frå sør. Han møtte ikkje motstand til å byrje med, og han var uforsiktig då han lét styrkane spreie seg på leiting etter byte. Plutseleg gjekk kong Balduin IV av Jerusalem til åtak, og Saladin vart stygt slått i slaget ved Mont Gisard. Saladin var ikkje skremd av dette og invaderte dei frankiske statane frå vest og vann ein siger over Balduin i slaget ved Marj Ayyun i 1179. Året etter øydela han den nybygde krossfararborga Chastellet i slaget ved Jabboks vadestad. Han møtte Balduin igjen i felttoget i 1182, men slaget ved Belvoir førte heller ikkje til ei avgjerd. Saladin lét krossfararne vere i fred eitt år etter september 1182, men la Aleppo og nokre byar i Mesopotamia til riket sitt. Hausten 1183 gjekk han til åtak på det latinske kongedømet igjen i slaget ved Ain Tuba'un.Smail, s 35-36

Det viktigaste Saladin gjorde var sigeren hans mot krossfararstatane i slaget ved Hattin og erobringa av Jerusalem i 1187. I løpet av året hadde han erobra nesten heile kongedømet Jerusalem med unntak av Tyr som heldt ut under Konrad av Montferrat. Men Saladin stod snart ovanfor tilkoma til eit stort krosstog frå det vestlege Europa, det tredje krosstoget, leidd av dei tre største europeiske herskarane på den tida, Fredrik Barbarossa av Tyskland, Filip August av Frankrike og Rikard Løvehjarte av England. Fredrik døydde på vegen, men resten av krossfarararméane kringsette Akko som dei gjenerobra i 1191. Krossfararane, no samla under leiinga til Rikard, sigra over Saladin i slaget ved Arsuf, men klarte ikkje å ta tilbake dei indre områda. I staden underskreiv Rikard ei avtale med Saladin i 1192 som restaurerte kongedømet Jerusalem til ei kyststripe mellom Jaffa og Beirut. Det var den siste viktige hendinga i karrieren til Saladin, sidan han døydde året etter, i 1193.

Seinare herskarar Saladin hadde innsett slektningane sine i arvelege fyrstedøme i landa sine, framfor å etablere eit sentralisert imperium. Difor herska broren til Saladin, al-Adil i al-Jazira og Transjordan, broren hans Toghtekin herska i Jemen, nevøane hans herska i Baalbek og Hamah og etterkomarane av Shirkuh herska i Homs. Resten av riket var delt opp då Saladin døydde mellom dei tre sønene hans: al-Afzal, den eldste, heldt Damaskus og var meint å vere overherre over heile imperiet, den andre, al-Aziz, tok Egypt og ein tredje, az-Zahir, herska i Aleppo.

Men snart byrja sønene til Saladin å krangle over delinga av imperiet. Al-Aziz og az-Zahir nekta å godta overherredømet til broren sin. Samstundes freista dei nordlege vasallane, zengidane og artukidane, å skaffe seg sjølvstende og setje inn att zengidisk styre i regionen. Broren til Saladin, Al-Adil, hindra desse forsøka, men situasjonen vart verande ustabil.

Imedan hadde sambanda mellom al-Aziz og al-Afdal nådd eit bristepunkt. Al-Aziz invaderte i 1194 Syria og nådde Damaskus. Al-Afdal bad om hjelp frå onkelen sin al-Adil, som mekla mellom brørne. Ei avtale vart inngått der Judea skulle avståast til al-Aziz og Latakia til az-Zahir, men begge skulle godta overherredømet til den eldre broren deira. Men denne avtala varte ikkje lenge. Al-Aziz invaderte igjen Syria i 1195. Al-Adil redda igjen al-Afdals, og al-Aziz vart tvinga til å trekkje seg tilbake til Egypt, men al-Adil hindra nevøen sin frå å ta Egypt frå al-Aziz. Men snart enda støtta al-Adil gav til al-Afdal, viss inkompetente styre framprovoserte misnøye i landet. Al-Aziz vart respektert som leiaren av dynastiet, og al-Adil herska i Damaskus.

Al-Aziz døydde i ei jaktulukke i november 1198. Han vart etterfølgt av den eldste sonen sin, al-Mansur, ein gut på tolv år. Ministrane til Al-Aziz var uroa for ambisjonane til al-Adil og bad al-Afdal fungere som regent i Egypt i namnet til den unge nevøen hans. Tidleg neste år, medan al-Adil var i nord og slo ned eit artukideopprør, møttest al-Afdal og az-Zahir i ein allianse mot han. Dei fekk støtte frå dei fleste av dei andre ajjubideprinsane. Al-Adil drog raskt tilbake til Damaskus då nevøane hans sine arméar nærma seg og etterlét den eldste sonen sin al-Kamil med ansvaret for operasjonane mot artukidane, men hærane til fiendane hans var sterke nok til å kringsetje onkelen deira i Damaskus i seks månader. Al-Adil brukte tida til å vinne støtte frå mange av tilhengarane til nevøane hans, og då al-Kamil kom med ein unnsetningsarmé i januar 1200, trekte brørne seg tilbake. Al-Adil følgde opp sigeren sin ved å invadere Egypt der han overtalte al-Afdal til igjen å trekkje seg tilbake til Salkhad. Al-Adil tok over styret over Egypt, men vart snart trua igjen i nord av az-Zahir som igjen fekk med seg al-Afdal.

Al-Adil klarte igjen å splitte fiendane sine og sikra til slutt at alle slektningane hans underkasta seg. I avtala som vart inngått, fekk az-Zahir tilbake Aleppo i slutten av 1201, og al-Afdal fekk Mayyafaraqin i nord, medan den unge al-Mansur måtte nøye seg med Edessa. Egypt, Damaskus og det meste av Al-Jazira var under direkte kontroll hos al-Adil. Tre av sønene hans, al-Kamil, al-Mu'azzam og al-Ashraf, fungerte som guvernørar. Al-Adil hadde dermed gjenoppretta eininga til ajjubideimperiet.

Ein liknande prosess gjentok seg etter Al-Adil døydde i 1218, og då sonen hans al-Kamil døydde i 1238, men ajjubidestaten som heilskap vart verande nokså sterk. Turanshah, den siste ajjubidesultanen i Egypt, vart i 1250 myrda og erstatta av den mamelukkiske slavegeneralen Aibek som grunnla Bahri-dynastiet.

Ajjubidane heldt fram å styre Damaskus og Aleppo fram til 1260 då dei vart drivne ut av mongolane. Etter det mongolske nederlaget ved Ain Jalut seinare det året, fall det meste av Syria til mamelukkane. Lokale ajjubide-dynasti heldt fram å styre i delar av Syria (mest kjend Hamah) i ytterlegare 70 år til mamelukkane til slutt absorberte dei i 1334.

Ajjubid-sultanar Ajjubidar av Egypt SultanÅrMerknaderSalah al-Din ibn Al-Ayubbi 1171–1193Al-Aziz 1193–1198Al-Mansur 1198–1200Al-Adil I 1200–1218Al-Kamil 1218–1238Al-Adil II 1238–1240As-Salih Ajjub1240–1249Al-Muazzam Turanshah 1249–1250Al-Ashraf II 1250–1250 nominelt, det var i realiteten mamelukken Aibak som hersket

Ajjubidar av Damaskus SultanÅrMerknaderSalah al-Din ibn Al-Ayubbi 1174–1193Al-Afdal 1193–1196Al-Adil I 1196–1218Al-Mu'azzam 1218–1227An-Nasir Dawud 1227–1229Al-Ashraf 1229–1237As-Salih Ismail 1237–1238Første gongAl-Kamil 1238Al-Adil II 1238–1239As-Salih Ajjub1239Første gongAs-Salih Ismail1239–1245Andre gongAs-Salih Ajjub1245–1249Andre gongAl-Muazzam Turanshah 1249–1250An-Nasir Yusuf 1250–1252

Ajjubidemirar av Aleppo SultanÅrMerknaderSalah al-Din ibn Al Ayubbi 1183–1193Az-Zahir 1193–1216Al-Aziz 1216–1236An-Nasir Yusuf 1236–1260

Ajjubidar av Hamah SultanÅrMerknaderAl-Muzaffar I 1178–1191Al-Mansur I 1191–1221Al-Nasir 1221–1229Al-Muzaffar II 1229–1244Al-Mansur II 1244–1284Al-Muzaffar III 1284–1300Al-Muayyad 1310–1331Al-Afdal 1331–1342

Ajjubidar av Homs SultanÅrMerknaderAl-Qahir 1178–1186Al-Mujahid 1186–1240Al-Mansur 1240–1246Al-Ashraf 1248–1263 Ajjubidar av Mayyafariqin SultanÅrMerknaderSaladin 1185–1193Al-Adil I 1193–1200Al-Awhad 1200–1210Al-Ashraf 1210–1220Al-Muzaffar 1220–1247Al-Kamil 1247–1260

Ajjubidar av Sinjar SultanÅrMerknaderAl-Ashraf 1220–1229

Ajjubidar av Hisn Kayfa SultanÅrMerknaderAs-Salih Ajjub1232–1239Al-Mu'azzam Turanshah 1239–1249Al-Awhad 1249–1283Denne rekka fortsette inn i det 16. hundreåret

Ajjubidar av Jemen SultanÅrMerknaderAl-Mu'azzam Turanshah 1173–1181Al-Aziz Tughtegin 1181–1197Muizz ud-Din Ismail 1197–1202An-Nasir Ajjub1202–1214Al-Muzaffar Sulaiman 1214–1215Al-Mas'ud Yusuf 1215–1229

Ajjubideemirar av Kerak SultanÅrMerknaderAn-Nasir Dawud 1229–1249Al-Mughlib 1249–1263

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ajjubide-dynastiet» frå , den 21. mai 2014. oppgav desse kjeldene: Smail, R. C. Crusading Warfare 1097-1193. New York: Barnes & Noble Books, (1956) 1995. ISBN 1-56619-769-4

Bakgrunnsstoff Ajjubide-dynastiet

Kategori:Muslimske dynasti Kategori:Kurdiske dynasti Kategori:Tidlegare land i Midtausten Kategori:Kairo i mellomalderen Kategori:Egypt i mellomalderen