Prehnitt er eit bleikgrønt mineral som finst i holrom og på sprekker i ei rekkje bergartar, danna hydrotermalt. Det finst ofte saman med zeolittar . Det krystalliserer rombisk og er eit silikat av kalsium og aluminium med formel Ca2Al2Si3O10(OH)2. Prehnitt er eit særs utbreitt mineral som er funne ei rekkje stader i Noreg.
Det vart først skildra i 1788 etter ein førekomst i Karoo-doleritt i Cradock i Eastern Cape-provinsen i Sør-Afrika. Det vart kalla opp etter oberst Hendrik Von Prehn (1733–1785), som var kommandant for ein nederlandsk koloni ved Kapp det gode håp frå 1768 til 1780.
Kjelder
Prehnitt. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
Bakgrunnsstoff
kategori:Inosilikat kategori:Kalsiummineral kategori:Aluminiummineral kategori:Ortorombiske mineral