mini|Nyleg danna putelava utafor Hawaii mini|Tverrsnitt av putelava nær Oamaru i New Zealand Putelava er lavaer som inneheld karakteristiske puteforma strukturar. Slike puter blir vanlegvis danna ved avkjøling av lava under vatn og er kjend frå midthavsryggane og andre magmatiske miljø. Putelavaer i vulkanske bergartar er karakteriserte av tjukke sekvensar av diskontinuerlege puteforma massar, vanlegvis opp til ein meter i diameter. Dei dannar den øvre delen av «lag 2» av normal havskorpe.
Putelava finst i fleire ofiolittar som til dømes i Trondheimsfeltet, Bergensbogane og på Bømlo.
Kjelder Selbekk, Rune S.. (11. mars 2012). Putelava. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/putelava.
Bakgrunnsstoff NeMO Explorer, NOAA - Contains link til video of pillows being formed
kategori:Strukturgeologi kategori:Vulkanologi'