Christian Horrebow Homann () var ein norsk lege og stortingsmann, fødd og død i Kragerø.
Homann, som var son til ein distriktslege, vart student i 1842 og cand.med. i 1849. Deretter arbeidde han i teneste hos far sin til denne døydde i 1860, tok då over som distriktslege etter faren. Han deltok i 1867 på den internasjonale legekongressen i Paris, og seks år seinare som Noregs delegat ved den tredje internasjonale kongressen i Wien. «Homann var føre si tid når det galdt å finna årsaka til dei epidemiske sjukdomane, som han hevda kom av levande smittestoff». Han granska også utbreiinga av tuberkulosen.
Homann var i årevis medlem av Kragerø bystyre og ei tid ordførar. Han representerte Kragerø på Stortinget 1874-76. I 1874 var han medlem av bankomitteen, 1875-76 av næringskomite nr 1. Han sa frå seg attval.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Norsk Allkunnebok. VI. Bandet. 1955
Kategori:Norske legar Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kragerø Kategori:Ordførarar i Kragerø Kategori:Folk frå Kragerø