2101 Adonis er ein liten asteroide og ein av dei første nærjordsasteroidane som vart oppdaga. Asteroiden vart oppdaga av Eugene Delporte i 1936 og kalla opp etter Adonis. Ein trur 2101 Adonis er kring 1 km i diameter.
Asteroiden vart observert i to månader, men ikkje nok til at ein klarte å rekne ut banen, og han var tapt fram til han vart oppdaga på ny i 1977 av Charles T. Kowal.
Adonis var den andre Apollo-asteroiden som vart oppdaga (etter 1862 Apollo sjølv). Han kan vere ein sløkt komet og kan vere kjelda til somme meteorsvermar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «2101 Adonis» frå , den 26. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Asteroidar