thumb|Ambolten i venstre øyret: (A) sett frå innsida (B) sett frå framsida Ambolten (av latin incus «ambolt») er ein liten amboltforma knokkel, og den midterste av dei tre høyreknoklane i mellomøyret. Ambolten overfører vibrasjonar frå hammaren lateralt til stigbøyelen medialt. Namnet kjem av at den liknar på ein ambolt.

Struktur

Ambolten er den andre av høyreknoklane — dei tre knoklane i mellomøyret som jobbar med å overføre lyd. Den er forma som ein ambolt, og har ein kort lem og ein lang lem som peikar ut frå artikulasjonspunktet med hammaren.

Funksjon

Vibrasjonar i mellomøyret blir tekne imot av trommehinna. Hammaren ligg på trommehinna og formidlar vibrasjonar til ambolten. Denne formidlar vibrasjonane vidare til stigbøyelen.

Historie Incus er latinsk og tyder «ambolt». Den blei fyrste gong skildra av den italienske filosofen og legen Alessandro Achillini. Den siste delen av den lange lemmen blei tidlegare skildra som ein eigen «fjerde høyreknokkel» av Pieter Paaw i 1615.

Fleire bilete

Sjå òg

høyrsle øyret høyreknokkel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Incus» frå , den 6. desember 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Knoklar i hovud og hals Kategori:Høyrselssystemet Kategori:Øyret