Fatehpur Sikri ('Sigersbyen') er ein by med kring 30 000 innbyggjarar (1. januar 2004) i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Byen ligg ca. 4 mil frå Agra. Han var den politiske hovedstaden i Mogulriket under Akbar den store i eit tidsrom på litt over ti år, frå 1571 til 1585. Dei historiske bygningene frå denne tida står på UNESCO si liste over verdsarv. Dei omfattar fine byggverk i mogulstil i raud sandstein, mellom anna ein av dei største moskeane i India, Djama-moskeen.
Akbar bestemte seg for å byggja byen i 1571 til ære for sjeik Salim Chisti, som hadde spådd at han ville få tre søner. Seinare forlét Akbar staden for å kjempa mot afghanarar, og flytta hovudstaden til Lahore. Mangel på vatn her var eit anna problem. Byen blei likevel brukt att i 1619, då Akbar sin son Djahangir tok tilflukt her under ein pestepidemi. Arkeologiske utgravingar av Fatehpur Sikri fann stad i 1892.
Galleri
Kjelder
«Fatehpur Sikri», unesco.org Delar av denne artikkelen bygger på «Fatehpur Sikri» frå , den 8. desember 2014.
Kategori:Mogulriket Kategori:Byar i Uttar Pradesh Kategori:Verdsarv i India