Elling Andreas Andersson Seljeset () var ein gardbrukar og folkesongar frå Seljeset i Hornindal i Sogn og Fjordane. I tillegg dreiv han som ljåsmed og navresmed.
Seljeset samla og formidla kveding frå Hornindal. Han hadde songtradisjon frå foreldra, Anders Ellingssen Seljeset (1836-1857)?? og Synneve Andersdatter Vinsrygg Seljeset (1830-1886). Ein viktig læremeister for Elling A. Seljeset var Anders R. Nygard (1830–1906), som også var syskenbarnet til far hans. Farmor til Elling A. Seljeset var spelekvinna Samuline Seljeset.
Elling A. Seljeset song i mange ulike samankomstar, mellom anna gravferder og bryllaup. NRK gjorde lydopptak av Seljeset i 1939, og desse opptaka blei mellom anna sende i radioprogrammet Folkemusikkhalvtimen ved Rolf Myklebust i 1961.
Elling A. Seljeset og kona Ivrine Pedersdotter fekk 12 born, mellom andre Anders Ellingsen Seljeset og Marta Seljeset Frøland. Elling A. Seljeset var farfar til folkemusikaren Elling Seljeset den yngre.
Kjelder «Folkemusikarar frå Hornindal», NRK.no Folketeljinga 1891 Folketeljinga 1920 Fjordingen 11. mai 1951
kategori:Folk frå Hornindal kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Norske kvedarar Kategori:Norske gardbrukarar