mini|Landhockey under Asian Games 2014. Landhockey er ein lagidrett i hockeyfamilien som blir spelt på mark. Idretten går ut på å slå ein liten ball inn målet til det andre laget, og har funnest i ulike former i fleire hundre og kanskje tilmed fleire tusen år.«History of Field Hockey» , fieldhockey.isport.com
mini|venstre|Film av nederlandsk landhockeykamp i 1941.
Moderne landhockey oppstod på 1800-talet i England og det britiske imperiet. I dag er landhockey ein av dei største ballsportane i verda, og blir spelt i oppimot hundre land. Det er ei olympisk grein både for menn og kvinner. Herrelandslaga frå India og Pakistan dominerte lenge idretten, og landhockey er rekna som nasjonalidrett i begge landa. Frå 1980-talet har laga frå Nederland, Tyskland og Australia vore blant dei sterkaste.
I Noreg er idretten organisert av Norges Bandyforbund og internasjonalt av Det internasjonale hockeyforbundet (FIH).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Landhockey» frå , den 3. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hockey Kategori:Ballspel Kategori:Lagsport Kategori:Indiske nasjonalsymbol Kategori:Pakistanske nasjonalsymbol Kategori:Idrettar frå Storbritannia