Sde Eliyahu (hebraisk שְׂדֵה אֵלִיָּהוּ) er ein religiøs kibbutz nord i Israel. Han ligg 5 km sør for Beit She'an og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.
Historie Sde Eliyahu vart grunnlagd den 8. mai 1939 av tyske emigrantar som ei tårn og palisade-busetjing. Han vart kalla opp etter rabbinaren Eliyahu Guttmacher frå 1800-talet, ein av dei tidlegaste leiarane for religiøs sionisme, og i lag med Ein HaNatziv, Shluhot og Tirat Zvi dannar dei ei gruppe religiøse kibbutzar i området.
Immigrantar frå mange andre land har sidan slått seg ned i Sde Eliyahu. I 2007 budde det kring 800 innbyggjarar fordelt på 150 familiar.
Økonomi Kibbutzen produserer dadlar, druer, granateple, krydder og jordavlingar, i tillegg til mjølkekyr og fjørfe. Kibbutzen driv organisk jordbruk.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Tysk diaspora i Israel Kategori:Kibbutzar Kategori:Den religiøse Kibbutzrørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1939 Kategori:1939 i Palestina Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel