Croce Rossa (italiensk) eller Croix Rousse (fransk) er ein 3 546 meter over havet høg fjelltopp i Graji-Alpane, på grensa mellom provinsen Piemonte i Italia og departementet Savoie i Frankrike. Fjellet reiser seg inst i dalføra Viù og Lanzo.
Geografen Antonio Tonini var fyrstemann til topps då han sommaren 1857 utforska dei kringliggjande fjellområda. På toppen er reist ei statue av Maria møy.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Croce Rossa» frå , den 20. februar 2015.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Fjell i Italia