Natur (hebraisk נָטוּר) er ei israelsk busetjing, ein kibbutz, sør i Golanhøgdene og innafor Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.
Natur valde i 2007, etter 27 år som ein kibbutz, å bli ein moshav, og kibbutzen vart den berre tredje på 100 år med Kibbutzrørsla som fekk lov til dette. Natur hadde ikkje fått nye medlemmar og var berre 30 på det emste. 29 nye familiar hadde alt kome til dei 13 familiane som var i kibbutzen i 2007, og det var då kring 90 vaksne og kring 100 barn. Kibbutzen-medlemmane har fått halde på fjøsa sine, kyllinghusa og frukthagane, men måtte gje frå seg det meste av markene, som vart delt mellom dei nye familiane.
Sjå òg israelskokkuperte territorium
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Natur, Golan Heights» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1980 Kategori:Golan regionale kommune