Ein Harod (Ihud) (hebraisk עֵין חֲרוֹד אִחוּד) er ein kibbutz som ligg i Jezreeldalen nær Gilboafjellet nord i Israel. Landsbyen høyrer til Gilboa regionale kommune.
Kibbutzen ligg nær åstaden for det avgjerande slaget ved Ain Jalut, det første store tapet for mongolane i mellomalderen.
Historie Han vart grunnlagd i 1952 etter det oppstod ei ideologisk usemje i kibbutzen Ein Harod (grunnlagd 1921) der Mapam-medlemmane danna Ein Harod (Meuhad) og Mapai-medlemmane braut bort og skapte Ein Harod (Ihud), som vart med den Mapai-tilknytte Ihud HaKvutzot veHakibbutzim. I dag høyrer begge kibbutzane til den same rørsla, Den samla kibbutzrørsla.Ein Harod Meuchad Gems i Israel, February 2004 Kibbutzane har namna sine frå kjelda som er nemnt i Bibelen som staden der dommaren Gideon heldt til (Domarane 7:1).
Miljø Ein Harod Ihud er ein av dei første «grøne» kibbutzane i Israel. Kibbutzen har innført ei rekkje miljøsparande prosjekt.Israel Ministry of the Environment - News
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ein Harod (Ihud)» frå , den 22. februar 2015.
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1921 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1921 i Palestina