Galina Aleksejevna Kukleva () er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Isjimbaj i Basjkiria som vart olympisk meister på 7,5 km i 1998 i Nagano og vann tre VM-gull i stafett med Russland; 2000, 2001 og 2003. I løpet av karrieren vann ho ni verdscuprenn.

Aktiv Kukleva vart nummer fire på 7,5 km då VM i skiskyting 1996 vart avvikla i Ruhpolding, ho var 0,6 sekundar bakom bronsevinnaren, svenske Magdalena Wallin. Året etter gjekk ho ein av etappane for det russiske kvinnelaget som tok bronsemedaljar på VM-stafetten i slovakiske Osrblie.

Under Vinter-OL 1998 i Nagano vann Kukleva gullmedaljen på 7,5 km, sigersmarginen ned til tyske Uschi Disl var på fattige 0,7 sekudar. Ho var òg med på det russiske stafettlaget som tok sølv. Sesongen etter vart det eit nytt stafettsølv då VM i skiskyting 1999 fann stad i finske Kontiolax.

Kukleva fekk sølvmedaljen då den nye øvinga fellesstart stod på VM-programmet i 2000. I same meisterskapen vann ho si fyrste stafettmedalje i gull, saman med Olga Pyljova, Svetlana Tsjernusova og Albina Akhatova. Saman med Pyljova, Anna Bogalij og Svetlana Isjmuratova forsvarte ho VM-tittelen under meisterskapen i Pokljuka i 2001.

Under OL 2002 i Salt Lake City vart det bronse på Kukleva på stafetten. Etter verdsmeisterskapen på russisk heimegrunn i Khanty-Mansijsk i 2003, der ho saman med Akhatova, Isjmuratova og Tsjernusova vann sitt tredje VM-gull i stafett, la ho opp. Det var hennar sjuande rake stafettmedalje i VM/OL.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003