Kiryat Tiv'on (hebraisk skrift קִרְיַת טִבְעוֹן}}, òg Qiryat Tiv'on) er ein by i Haifa distrikt i Israel, i åsane mellom Zvulun- og Jezreeldalen. Kiryat Tiv'on ligg 15 km søraust for Haifa, langs hovudvegen til Nasaret. I utkanten av Tiv'on ligg ein beduinsk by kalla Basmat Tab'un. Kiryat Tivon har eit folketal på 16 000.http://www.ktv.org.il/ Kommuneside

Historie mini|Kiryat Tivon sett frå Beit She'arim nasjonalpark. Kiryat Tiv'on vart grunnlagd i 1958 då tre mindre busetnader vart slått saman: Tiv'on (grunnlagd i 1947), Kiryat Amal (grunnlagd i 1937) og Elro'i (grunnlagd i 1935). Kiryat Haroshet, som vart grunnlagd av ein rabbinar frå Jablona i Polen som slo seg ned der med følgjaren sine i 1935, vart ein del av Kiryat Tiv'on i 1979.

Tiv'on vart bygd på landområde eigd av eit britisk, jødisk par som kjøpte området tidleg i 1945. Seinare vart det utvikla av Jewish National Fund basert på ein byplan teikna av Alexander Klein, ein russisk-jødisk arkitekt som fekk jobben av Jewish National Fund.Revista Morashá - Artigos

Landemerke Byen er mest kjend for nasjonalparken Beit She'arim, som ligg sørvest for byen. Beit Shearim var eit viktig jødisk, andeleg senter og nekropolis i romartida og ein gong setet for Sanhedrin.

Venskapsbyar Kiryat Tiv'on er venskapsby med: Braunschweig i Tyskland Compiègne i Frankrike Čakovec i Kroatia

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kiryat Tivon» frå , den 7. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Lokale kommunar i Israel Kategori:Lokale kommunar i Haifa distrikt