Kfar Hasidim (hebraisk skrift כְּפַר חֲסִידִים, tyder 'Hasidimlandsbyen'), òg kalla Kfar Hasidim Alef for å skilje han frå Kfar Hasidim Bet, er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Kiryat Ata og høyrer til Zevulun regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 572.

Landsbyen vart grunnlagd i 1924 av ei gruppe hasidisk emigrantar frå den fjerde Aliyah som hadde førebudd seg i Polen. Sjølv om den hasidiske byen Bnei Brak alt var grunnlagd, var målet denne gongen å skape ein jordbruksbusetnad i staden for ein urban busetnad.

Shlomo Goren, den framtidige leiaren for det militære rabbinatet i Det israelske forsvaret og sidan askenasisk øvsterabbinar i Israel frå 1973 til 1983, voks opp i Kfar Hasidim, som faren hans var med på å grunnleggje.

I 1950 Kfar Hasidim Bet vart grunnlagd i nærleiken av innbyggjarar frå Kfar Hasidim som ikkje var bønder. I dag er landsbyen hovudsakleg nasjonalreligiøs og sekulær. Kfar HaNoar HaDati ungdomslandsby ligg like nær moshaven.

mini|venstre

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kfar Hasidim» frå , den 11. april 2015.

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1924 Kategori:1924 i Palestina Kategori:Busetnader i Haifa distrikt Kategori:Polsk diaspora i Israel