Løno er ei grend i Voss herad i Vestland. Løno ligg på nedsida av fjellet Lønahorgi og på vestsida av Lønavatnet, rundt åtte kilometer nord for Vossavangen.Løno på Norgeskart.no fra Statens kartverk, besøkt 11. mai 2025
Her er det fleire gardar, og fleire innan Løno-familien bur der. Det er mellom anna mogeleg å eta smalahove her.
Frå Vossaboka til Kindem:
Namnet vert i 1300-talet skrive i Læn og i Lønum. Det vert no sagt Lønó; han búr pao, è tao Lønó, ska tì Løna, sms. Løna-vatné. Namnet er samandrege av ló f. (flat eng ved vatn) og vin (beite), Ló-vin vart til Læn, med fleirtal Lænar, i genitiv Læna, dativ Lænum.
Odd heitte mannen på Løno i 1521. Per Monsson budde der i 1563. Oluf var brukar i 1591. I 1603 var det Oluf og Seersguill, i 1611 Oluf og Svein, i 1614 Oluf, Knut og Lasse, og i 1621 Bård og Lasse.
Løno vart i 1723 delt i vestre og austre tun, Vestre Løno gardsnummr 66 og Austre Løno gardsnummer 67.
Vestre Løno, gnr. 66, består av følgjande bruksnummer:
Bnr. 1: Løno; Bnr. 2: Ytre Løno (skilt fra bruk 1 i 1885 til Nils Brynjulvson Løno); Bnr. 3: Blikberget (skilt fra bruk 1 i 1817 til Lars Larsson Hegle); Bnr. 4: Løno (skilt fra bruk 1 i 1891 til Nils Brynjulvson Løno); Bnr. 5: Løno (skilt fra bruk 1 i 1896 til Torstein Knutson Lirhus); Bnr. 6: Moheim (skilt fra bruk i 1898 til Olav Knutson Myrkve); Bnr. 7: Stuebakken (skilt fra bruk 3 i 1901 til Tomas Hernes); Bnr. 8: Myklebust (skilt fra bruk 6 i 1901 til Olai Myklebust); Bnr. 9: Tranaholmen (skilt fra bruk 6 i 1905 til Nils Brynjulvson Løno); Bnr. 10: Bakkateigen (skilt fra bruk 7 i 1908 til Anders Mattisson Mølster); Bnr. 11: Lønamoen (skilt fra bruk 1 i 1909 til Botolv S. Ullestad); Bnr. 12: Midtbø (skilt fra bruk i 1920 til Anders M Midtbø); Bnr. 13: Nymo (skilt fra bruk 11 i 1923 til Jon Engeland); Bnr. 14: Løno (skilt fra bruk 1 i 1923 til Nils B. Løno); Bnr. 15: Blikberget (skilt fra bruk 3 i 1928 til Sigvald J. Saue); Bnr. 16: Lønasagi (skilt fra bruk 1 i 1931 til Voss Trelastforretning);
Austre Løno gnr. 67 består av følgjande bruksnummer:
Bnr. 1: Løno; Bnr. 2: Løno (skilt fra bruk 1 i 1829 til Torbjørn Knutson); Bnr. 3: Løno (skilt fra bruk 2 i 1880 til Anders Eirikson Staup); Bnr. 4: Løno (skilt fra bruk 1 til Vangskykja); Bnr. 5: Tredet (skilt fra bruk 4 i 1910 til Maria Pålsdtre. Flæte); Bnr. 6: Holo (skilt fra bruk 4 i 1915 til Anders Nilsson Holo); Bnr. 7: Bergsstølen (skilt fra bruk 4 i 1915 til Anders M. Mølster); Bnr. 8: Solvang (skilt fra bruk 2 i 1916 til Johan Ervefest); Bnr. 9: Krakaholmen (skilt fra bruk 4 i 1919 til Anders M. Mølster); Bnr. 10: Pahlmberg (skilt fra bruk 3 i 1932 til staten ved Den Norske Omstreifarmisjon);
Husmenn Løno: Det var fleire husmenn både på Vestre og Austre Løno; mellom anna Lønahaugen, Hjedl'n og Nyeteigen.
Kvern på Løno: Det var to kvernar på Løno i 1723 og tre i 1777, som stod i elva Breimo som kjem ned frå Lønahorgi.
Vadmålsstamp: Brynjulv og Odd Løno hadde i fyrste halvparten av 1800-talet vadmålsstampe i elva Breimo.
Sag på Løno: På indre sida av elva Breimo var det ei sag. Haldor Løno selde saga til ein på Fletre. Lønasaga (gnr. 1, bnr. 16) ligg nede ved Lønavatnet, men er ikkje lenger i bruk.
Stølar på Løno: Vestre Løno (bnr. 1) har støl på Bergsstølen, mens Austre Løno (bnr. 1 og 2) har støl på Moldbakken. Løno har også hatt støl i Aordalen (mellom Lønahorgi og Svartahorgi), men denne har ikkje vore i bruk sidan ca. 1880). Staup har hatt støl på Breiming.
Kjelder
Kategori:Busetnader i Voss