Lars Lillo-Stenberg () er ein norsk musikar og låtskrivar frå Oslo. Han er særleg kjend som frontfigur og vokalist i musikkgruppa deLillos.
Lillo-Stenberg starta i 1984 deLillos, ei musikkgruppe som i hovudsak har spelt inn album i stilartane pop og rock. Frå starten hadde han med seg i gruppa bassisten Lars Fredrik Beckstrøm og Rune Lindstrøm, seinare også trommeslagaren Øystein Paasche og gitaristen Lars Lundevall.
Lillo-Stenberg har gitt ut fleire soloplater, dels med musikk laga av andre toneskaparar og tekstforfattarar. Han har dessutan skrive instrumentalmusikk til dei norske spelefilmane Elling og Buddy, samt songen «For alle» til ein fjersnynsreklame for Coca-Cola.
Han er gift med skodespelaren Andrine Sæther.
Prisar og utmerkingar 1994: Kardemommestipendiet 1997: Oslo bys kunstnerpris 2006: Skjæraasenprisen 2006: Prøysenprisen 2009: Tekstforfatterfondets ærespris 2018: Medaasprisen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lars Lillo-Stenberg» frå , den 23. juni 2015.
Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Vinnarar av Skjæraasenprisen Kategori:Vinnarar av Prøysenprisen