Beit Dagan (hebraisk skrift בֵּית דָּגָן, tyder «Kornhuset») er ein by (lokal kommune) i Det sentrale distriktet i Israel, ved grensa til Rishon LeZion. Han vart grunnlagd i 1948 der den arabiske landsbyen Bayt Dajan låg, av jemenittiske og nordafrikanske immigrantar. Han ligg truleg i området der den bibelske Beit Dagon, ein landsby i Juda-stamma låg (Josva 15:41).

Beit Dagan fekk status som lokal kommune i 1958. Mot slutten av 2009 var folketalet 6 800.

Galleri

Klima Israelsk meteorologisk institutt heldt til i Beit Dagan. Beit Dagan har middelhavsklima med varme og tørre somrar, og med kalde og regnfulle vintrar. Våren og hausten er kjølig til varm. Luftfukta er høg om vinteren og låg om sommaren. Temperaturen om sommaren når i snitt 30,8 °C og ned i 20,4 °C om natta. Om vinteren når temperaturen i snitt 18,5 °C på dagtid og i snitt 7,6 °C om natta. Beit Dagan har ein årsnormalnedbør på 550,5 mm og berre sju av månadane kan få kraftig regn.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Beit Dagan» frå , den 6. juli 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Kommunar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:1948 i Israel