Tel Mond (hebraisk skrift תֵּל מוֹנְד) er ein by i Sharon-området i Israel, aust for Netanya og nord for Kfar Saba.
Historie Tel Mond vart grunnlagd i 1929 av Alfred Moritz Mond, seinare lord Melchett, ein tidlegare britisk minister og president British Zionist Federation. Israel Plantations Company var leia av Mond og kjøpte landområdet i regionen, der dei planta sitruslundar for å gje arbeid til jødiske arbeidarar. I 1933 kjøpte nokre bønder land frå selskapet og grunnla Moshav Tel Mond. I 1936 grunnla ei anna gruppe Moshav Kfar Ziv. I 1943 grunnla nye immigrantar frå Jemen Shechunat Ya'akov. I 1950-åra vart Neve Oved og Hadar Hayim bygde for å ta i mot ei stor bølgje immigrantar etter Israel vart danna. I 1954 vart alle desse samfunna slått saman til den lokale kommunen Tel Mond. Dei kringliggande moshavane, Kfar Hess, Herut og Ein Vered, vart òg grunnlagd av pionerane frå Tel Mond.
Dei neste tiåra voks samfunnet frå ein liten by til ein sjølvforsynt by som fungerer som eit regionssenter.
Venskapsbyar Sarasota i Florida (1994)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tel Mond» frå , den 6. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kommunar i Israel
Kategori:Kommunar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1929 Kategori:1929 i Palestina