Jerome Cousins Biffle () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd og død i Denver i Colorado, som vart olympisk meister i lengdehopp i 1952.
Biffle vart amerikansk studentmeister (NCAA) i lengde i 1950 med eit hopp på 7,74 meter. To år etter vart han nummer to, bakom Meredith Gourdine, i den USA-amerikanske uttakinga til Sommar-OL 1952 i Helsinki. Under leikane i Finland tok han leiinga i tredje omgang med eit hopp som målte 7,57 m, og vann gullmedaljen framom Gourdine som oppnådde 7,53 m.
Han arbeidde sidan som løpstrenar og ungdomsarbeidar ved den vidaregåande skulen i Denver som han sjølv hadde gått på.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jerome Biffle» frå , den 9. august 2015.
World Athletics
Kategori:Lengdehopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952