Sveiobladet.net var ei nynorsk nettavis stifta 12. januar 2015 som inneheldt lokale nyheiter frå Sveio. Nettstaden hadde som mål å vera ein stad der alle borgarar av kommunen kunne ytra seg.
Nettavisa var opphavleg skriven på bokmål, og fekk kritikk for å ikkje skrive på nynorsk, som er offisiell målform i Sveio kommune. Etter ei røysting i 2017 der innbyggjarane i Sveio kunne seia meininga si bestemde seg avisa for å gå over til nynorsk frå og med 1. januar 2018.
I mars 2018 vart Sveiobladet lagt ned på grunn av manglande inntekter.
Kjelder
Kategori:Tidlegare norske aviser Kategori:Tidlegare norske nettstader Kategori:Aviser i Vestland Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Skipingar i 2015 Kategori:Nedleggingar i 2018