Shefayim (hebraisk skrift שְׁפָיִים, tyder 'Snaue høgder') er ein kibbutz sentralt i Israel 4 km nord for Herzliya langs middelhavskysten. Shefayim høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2009 hadde han 700 innbyggjarar.
Historie Kibbutz Shefayim vart grunnlagd i 1931 av immigrantar frå Polen.Shefayim Namnet er teke frå Jesaja 41:18: «Eg opnar elvar på snaue høgder.» Under Palestinamandatet var Shefayim base for hemmeleg innvandring. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 tok han i mot flyktningar frå kibbutzen Beit HaArava.
Tidleg i 1970-åra grunnla kibbutzen Polycad, ein plastfabrikk. Tidleg i 1980-åra vart Shafit bioteknologiverk oppretta. I midten av 1990-åra kjøpte dei Zirei Israel-fabrikken, som vart ein leiar innan israelsk bomullsindustri.
Kibbutz Shefayim er ein av dei rikaste medlemmane i kibbutzrørsla og var ein av få kibbutzar som ikkje trengde hamna i pengenaud og trong hjelp frå staten og bankane under nedgangstida i 1980-åra. Den største inntektskjelda til kibbutzen er Hutzot Shefayim, eit kjøpesenter. Andre inntektskjelder er eit hotell- og konferansesenter, og ein vasspark.The ideology is dead. Long live the deal, Haaretz
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shefayim» frå , den 3. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Official Website Shefayim water park Hotel Shefayim
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1935 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1935 i Palestina