Ohad (hebraisk skrift אֹהַד eller אוהד) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol-området nordvest i Negevørkenen nær grensa til Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. Han vart grunnlagd i 1969 av immigrantar frå forskjellige land. Han er kalla opp etter Ohad, den tredje sonen til Shim'om (Simeon), som er nemnd i Bibelen (Første Mosebok 46:10) - medan nabolandsbyen Tzohar er oppkalla etter broren hans, som er nemnt i det same Bibelverset. I 2012 hadde han 372 innbyggjarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ohad, Israel» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1969 Kategori:1969 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel