1992 (romartal MCMXCII) var eit skotår som byrja på ein onsdag etter den gregorianske kalenderen. Hendingar Utlandet 15. januar: Verdsveven (World Wide Web) vart offentleg tilgjengeleg på internett. 8. februar: Dei olympiske vinterleikane opna i Albertville i Frankrike. 3. desember: Svolt og kaotiske tilstandar i Somalia førte til at Tryggingsrådet i SN godkjende bruk av militærmakt for å få naudhjelp til landet. Amerikanske soldatar kom til landet frå 9. desember. 29. desember: Opposisjonen tapte i fleirpartival til nytt parlament i Kenya. Den katolske kyrkja frikjende formelt Galileo Galilei for påstanden om kjetteri.

Noreg 1. januar: Noreg var ramma av Nyttårsorkanen. 16. oktober: Stortinget vedtok å ratifisera EØS-avtalen med 130 mot 35 stemmer. 25. november: Noreg søkte om medlemskap i EF. 16. desember: Dagens versjon av det norske riksvåpenet blei godkjend.

Utan dato Ei rekkje organisasjonar for homofile gjekk saman i Landsforeininga for lesbisk og homofil frigjering Det Liberale Folkepartiet vart starta opp som eit fundamentalt libertariansk parti, med nokre ekskluderte medlemmer frå Framstegspartiet. Jon S. von Tetzchner starta på eit prosjekt i Televerket (no Telenor), som seinare skulle utvikle seg til den norske suksess-nettlesaren Opera.

Fødde mini|Dafne Schippers

19. januar: Kristoffer Larsen, norsk fotballspelar 13. juni: Fredrik Haugen, norsk fotballspelar 15. juni: Dafne Schippers, nederlandsk friidrettsutøvar 22. juli: Selena Gomez, USA-amerikansk songar og skodespelar 25. juli: Markus Henriksen, norsk fotballspelar 20. august: Demi Lovato, USA-amerikansk songar og skodespelar 20. september: Safura Alizadeh, songarinne frå Aserbajdsjan 21. september: Eirik Ulland Andersen, norsk fotballspelar 23. november: Miley Cyrus, USA-amerikansk skodespelar

Døde

16. februar: Sven Delblanc, svensk forfattar 9. mars: Menachem Begin, israelsk politikar 27. mars: Harald Sæverud, norsk komponist 6. april: Isaac Asimov, amerikansk forfattar 28. mars: Elisabeth Granneman, norsk skodespelar 27. april: Olivier Messiaen, fransk komponist 26. juni: Harald Sverdrup, norsk lyrikar 8. oktober: Willy Brandt, tysk politikar 8. desember: Frithjof Prydz, norsk idrettsmann 24. desember: Peyo (Pierre Culliford), belgisk teiknserieskapar (Smurfane)