Ullandhaug er eit område i Stavanger kommune, ved grensa mot Sola kommune. Universitetet i Stavanger, International Research Institute of Stavanger, Oljedirektoratet, Petroleumstilsynet, Rogaland Kunnskapspark og NRK Rogaland har hovudsetet sitt på Ullandhaug. På Jernaldergarden på Ullandhaug er det bygd opp hus, etter slik dei kan ha sett ut i jernalderen.
Namn Ullandhaug har namn etter den norrøne guden Ull.
Kjelder
Bakgrunnsstoff www.ullandhaug.no Nettstad for universitetsområdet i Stavanger Jernaldergarden på Ullandhaug
Kategori:Geografi i Stavanger