Jevgenij Prokopjevitsj Beljajev () var ein russisk langrennar frå Kirovsk i Murmansk oblast som tevla for Sovjetunionen. Han vann OL-gull i 4 x 10 km stafett i 1980, OL-sølv på 15 km i 1976, to sølvmedaljar i Ski-VM 1978, samt stafett-bronse i 1976.

Aktiv Beljajev slo gjennom i 1975-sesongen med tredjeplassar på tremila i Falun og på 15 km i Lahti. Under vinterleikane 1976 i Innsbruck vann han sølvmedaljen på 15 km, 2,7 sekundar bak landsmannen Nikolaj Bazjukov, og gjekk fyrsteetappen for Sovjetunionen sitt bronselag i 4 x 10 km stafett. Seinare i OL-sesongen vart han nummer to på 15 km i Lahti, over halvminuttet bak Juha Mieto. I 1977 vart han nummer seks på 30 km i Falun.

Til liks med OL 1976 vart Beljajev andremann på 15 km då Ski-VM 1978 vart arrangert i Lahti, polske Józef Łuszczek overraska stort og vann med ein margin på 2,3 sekundar til Beljajev. Ei lita veke seinare vann Beljajev ein ny sølvmedalje då han på femmila måtte sjå seg slått av svenske Sven-Åke Lundbäck.

Under Vinter-OL 1980 i Lake Placid gjekk Beljajev inn til femteplass på 15 km, før han gjekk tredjeetappen for Sovjetunionen i 4 x 10 km stafett. Saman med Vasilij P. Rotsjev, Nikolaj Bazjukov og Nikolaj Zimjatov syrgde han for at det vart olympisk gullmedalje. Til sist i leikane vart han nummer seks på 50-kilometeren.

Beljajev vart nummer tre på 15 km i Lahti i 1981, klart slått av nordmennene Oddvar Brå og Ove Aunli.

Kjelder

Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Sovjetiske langrennsløparar Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980