Idhna (arabisk إذنا) er ein palestinsk by sør på Vestbreidda, i Hebron guvernement, 13 kilometer vest for Hebron og kring ein kilometer aust for Den grøne linja. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 19 012 innbyggjarar i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.

Idhna er fysisk delt i ein sørleg og ein nordleg del av Wadi al-Feranj.Robinson and Smith, 1856, s. 69-70 Hovudnæringa i Idhna er jordbruk.Demolitions, threats of demolitions and evictions in Idhna town - Hebron guvernement Land Research Sentral. 24. februar 2007

Historie Idhna har vore busett sidan kanaanittisk tid (bronsealderen), og det er gjort funn av eldgamle ruinar i byen. Byen er identifisert som den bibelske byen Dannah, som er nemnt i Josva 15:49. hebraiske folk, austromarar og arabarar hadde alle kontroll over området og det er funne myntar, statuar, graver og keramikk datert til desse kring i byen.Historie of Idna Idna Municipality.

Idhna vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Halil nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 68 hushaldningar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 124.

Edward Robinson, som vitja Idhna i 1838, registrerte at dei to delane av byen vart leia av kvar sin sjeik og innbyggjarar i kvar del følgde sjeikande i interne kranglar. Like ved Idhna ligg ruinane av den opphavlege landsbyen, som er totalt dekt av åkrar i dag. Ein har òg funne mosaikksteinar i marmor på staden.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Idna i juni 1863. Han estimerte folketalet til nesten 500 innbyggjarar, delt inn i to distrikt, kvar styrt av ein eigen sjeik. Mange hus, særleg små Bordj, var bygde med eldgamle steinar, daterte attende til oldtida.Guérin, 1869, s. 364-5

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Idhna som «ein liten landsby i sørsida av ein ås [ ] delt i to av eit lite søkk.»Conder og Kitchener, 1883, s. 305 SWP skreiv òg at det låg fleire store grotter nær byen med nisjer for lampar eller hovudskallar.Conder og Kitchener, 1883, s. 330

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Idna eit folketal på 1 300, alle muslimar, og dette auka i folketeljinga i 1931 til 1719, framleis alle muslimar, i 317 hus.Mills, 1932, s. 32.

I 1945 var folketalet i Idna 2 190, alle arabarar, som eigde 34 002 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50 528 mål var plantasjar og irrigert land, 14 481 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93 medan 153 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Idhna» frå , den 28. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til Idna

Idhna Kategori:Stader i Bibelen