ar-Rihiya (arabisk ريحيا) er ein palestinsk by som ligg seks kilometer sørvest for Hebron. Byen ligg i Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på over 3 949 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.119.
Historie Osmansk tid Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, som han kalla Khirbet el-Harayeh.Guérin, 1869, s. 211 -212
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som ein «stor ruin med grotter og cisterner, verkar å vere ein eldgammal stad».Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 377
Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 hadde 'Al Rihiyeh 231 innbyggjarar, alle muslimarBarron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10 Dette auka i folketeljinga i 1931 til 243 muslimar, i 38 hus.Mills, 1932, s. 33
I 1945 var folketalet i Ar-Rihiya 330 arabarar, som eigde 2 659 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50 136 mål var plantasjar og irrigert land, 1 093 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 94 medan 25 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 144
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ar-Rihiya» frå , den 28. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til al-Rihiya
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Hebron guvernement