Åse Wisløff Nilssen () er ein norsk politikar for KrF. Ho er utdanna sjukepleiar. Ho vart innvald på Stortinget frå Hedmark i 1997.

Frå 1987 til 1991 var ho medlem av fylkestinget i Hedmark. Deretter sat ho i Kongsvinger kommunestyre fram til 1995, før ho hadde ein toårsperiode på fylkestinget att. Ho vart vald inn på Stortinget i 1997 og gjenvalgt i 2001. Ho stilte øvst på KrFs liste i Hedmark òg ved valet i 2005, men vart ikkje attvald. Ho har arbeidd mykje med interessepolitikk, og har vore ein utrøytteleg talskvinne for personar med dysleksi. Ho har vore forbundsleiar i organisasjonen deira, og hovedstyreleder i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Frå 2006 til 2007 var ho medlem av Forsvarspolitisk utval.NOU 2007:15 Et styrket forsvar

Stortingskomitéar 1997–2001: Medlem av Justiskomitéen. 1997–2001: Varamedlem av Valkomitéen. 2001–2005: Første nestleiar i Forsvarskomitéen. 2001–2005: Medlem av Den utvida utanrikskomitéen. 2001–2005: Medlem av Valkomitéen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Åse Wisløff Nilssen» frå , den 18. desember 2015.

Bakgrunnsstoff

Stortinget.no - Biografi

Kategori:Folk frå Kongsvinger Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF