Dynamite! er det andre studioalbumet til duoen Ike & Tina Turner på Sue Records, gjeve ut i 1963.

Oversyn Plata vart spelt inn under hektisk turnéverksemd i 1961 og 1962, og gjeve ut tidleg i 1963. Omslaget syner paret i forskjellige stemningar, der Ike Turner ser gretten ut og Tina Turner med ei minkkåpe poserer på liknande måte som ho gjorde på scenen. På denne tida hadde dei originale medlemmane i the Artettes skifta namn til The Ikettes og heldt fram å spele med Ike & Tina på denne plata. Som med mange rock 'n' roll- og R&B-album på denne tida, inneheldt albuma ein hitsingel eller ein mindre hit singel i lag med andre songar for å fylle ut albumet.

Fleire av singlane frå desse innspelingane gjekk inn på listene, som «Poor Fool», «You Should've Treated Me Right» og «Tra La La La», i tillegg til den nest mest suksessrike singelen til duoen på den tida, den Grammy-nominerte «It's Gonna Work Out Fine». Ike & Tina syng duett på ein song, pop-soulballaden «Won't You Forgive Me». På det originale albumet var somme av songane frå debutalbumet, The Soul of Ike & Tina Turner, med for å fylle opp albumet. Ike & Tina spelte inn eit album til for Sue Records (Don't Play Me Cheap) før dei forlet selskapet og signerte kontrakt med fleire andre selskap gjennom 1960-åra.

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dynamite (Ike & Tina Turner album)» frå , den 8. januar 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1963 Kategori:Ike & Tina Turner-album