mini|280px|Manfred Matuschewski, i midten, under den austtyske friidrettsmeisterskapen 1963
Manfred Matuschewski () er ein tidlegare mellomdistanseløpar frå Weimar som representerte Aust-Tyskland, og som vart europameister på 800 meter i 1962 og 1966.
Aktiv Matuschewski sette personleg rekord med 1.46,9 i OL-året 1960, ei tid heilt i europatoppen. Under sommarleikane 1960 i Roma tok han seg til finalen, der han vart sjette og sistemann. To år seinare viste han stor spurtstyrke og vann ein klar siger på distansen då EM i friidrett 1962 vart avvikla i Beograd. I 1963-sesongen forbetra han den personlege rekorden til 1.46,4. Han heldt ikkje heilt same nivå i OL-sesongen 1964, og vart i Tokyo-OL slått ut i semifinalane.
I europameisterskapen 1966 i Budapest gjorde Matuschewski sitt til då raskaste 800-meterløp. På oppløpet fekk han kasta seg framom vesttyske Franz-Josef Kemper, og forsvarte dermed EM-tittelen med tida 1.45,9. Året etter vann Matuschewski 800-meteren under Europacupen for landslag, vinnartida var 1.46,9. Grunna sjukdom deltok han ikkje i Sommar-OL 1968.
I sin siste sesong på toppnivå forbetra Matuschewski den personlege rekorden til 1.45,7. Han deltok i friidretts-EM 1969 i Athen, men var sjanselaus i kampen om gull- og sølvmedaljane, og måtte nøye seg med ein bronsemedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1960 i Roma: Nr 6 - 1.52,2 EM 1962 i Beograd: Gullmedalje - 1.50,5 , framom Valerij Bulisjev (1.51,2) OL 1964 i Tokyo: Utslått i semifinalane (1.47,3 =nr 10) EM 1966 i Budapest: Gullmedalje - 1.45,9, framom Franz-Josef Kemper (1.46,0) EM 1969 i Aten: Bronsemedalje - 1.46,9
Kjelder
Friidrott, aktuelle årgangar. Denne artikkelen bygger på «Manfred Matuschewski» frå , den 26. april 2016.
World Athletics
Kategori:Tyske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964