Romania debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke 22 gongar. Romania har aldri vunne Eurovision Song Contest, men har to tredjeplassar som beste plassering. Den dårlegaste plasseringa til Romania kom i 1998, då Romania kom på 22.-plass. Etter innføringa av semifinalar i Eurovision Song Contest i 2004, kvalifiserte Romania seg til finalen på alle forsøk, inntil 2018, då landet vart slått ut i semifinalen for fyrste gong.
Historikk Det er den rumenske kringkastaren Televiziunea Română (TVR) som sender Eurovision Song Contest i Romania, og som vel det rumenske bidraget til tevlinga. Romania debuterte i 1994, men melde seg òg på tevlinga i 1993 saman med seks andre land frå den tidlegare austblokka. For å halde talet på deltakande land nede, kravde Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at dei sju nye landa måtte gjennom ei eiga førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringa ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Romania stilte med songen «Nu pleca», framført av Dida Drăgan, men kom på sisteplass i kvalifiseringa og var dimed ikkje kvalifisert til finalen i 1993.
Debuten I 1994 fekk Romania endeleg ta del i Eurovision Song Contest saman med ei rekkje nye deltakarland som Estland, Russland og Slovakia. I debuten hamna Romania på 21.-plass av 25 land, og den låge plasseringa gjorde at landet måtte stå over tevlinga året etter. Heller ikkje i 1996 kvalifiserte Romania seg, og var heller ikkje kvalifisert til finalen i 1997 på grunn av låg gjennomsnittpoengsum i perioden 1993–1996. Fram til 2002 måtte Romania stå over annakvart år på grunn av svake plasseringar i tevlinga.
I 2002 snudde resultata, og Romania fekk si beste plassering til då med ein niandeplass. Ein tiandeplass følgde året etter, og dimed var Romania direktekvalifisert til finalen i 2004. Etter å ha blitt nummer 18 i 2004, måtte Romania gjennom semifinalen i Kiev året etter. Der vann Romania semifinalen og kom på tredjeplass i finalen - den beste plasseringa til Romania i Eurovision Song Contest til nå. Ein fjerdeplass følgde i 2006, etterfølgd av tre svake plasseringar. I Bærum i 2010 tangerte Romania rekorden sin, då Paula Seling og Ovi kom på tredjeplass med «Playing With Fire».
Diskvalifikasjonen I åra 2010–2015 hamna Romania midt på resultatlista, før landet vart diskvalifisert. Bakgrunnen for diskvalifiseringa var at kringkastaren TVR fleire gongar ikkje hadde tilbakebetalt gjeld til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Som straff vedtok EBU å diskvalifisere Romania – berre 17 dagar før tevlinga. Hausten same år vart EBU og TVR einige om ei nedbetalingsordning, og Romania fekk komme tilbake til Eurovision Song Contest i 2017.
Etter sjuandeplassen i 2017 – den beste plasseringa til Romania på sju år – rauk Romania ut av semifinalen i 2018. Dette var fyrste gongen at Romania ikkje nådde finalen, etter at ordninga med semifinalar vart innført i 2004.
Språk Fram til opphevinga av språkregelen i 1999 song representantar for Romania på rumensk. Etter 2000 har Romania stort sett sunge på engelsk, men ein song òg delvis på rumensk i 2008 og 2015. Bidraga frå Romania har òg vore delvis på italiensk i 2006 og 2009, og bidraget i 2007 vart blant anna sunge på russisk, spansk og fransk.
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass Dida Drăgan «Nu pleca» Rumensk colspan="2" 38 7 1994 Dan Bittmann «Dincolo de nori» Rumensk 14 21 Monica Anghel og Sincron «Rugă pentru pacea lumii» Rumensk colspan="2" 11 29 colspan="7" 1998 Mălina Olinescu «Eu cred» Rumensk 6 22 colspan="7" 2000 Taxi «The Moon» Engelsk 25 17 colspan="7" 2002 Monica Anghel og Marcel Pavel «Tell Me Why» Engelsk 71 9 2003 Nicola «Don't Break My Heart» Engelsk 73 10 2004 Sanda «I Admit» Engelsk 18 18 colspan="2" 2005 Luminiţa Anghel og Sistem «Let Me Try» Engelsk 158 3 235 1 2006 Mihai Trăistariu «Tornerò» Engelsk og italiensk 172 4 colspan="2" rowspan="2" 2007 Todomondo «Liubi, Liubi, I Love You» Engelsk, italiensk, spansk,russisk, fransk og rumensk 84 13 2008 Nico og Vlad «Pe-o margine de lume» Rumensk og italiensk 45 20 94 07 2009 Elena «The Balkan Girls» Engelsk 40 19 67 9 2010 Paula Seling og Ovi «Playing With Fire» Engelsk 162 3 104 4 2011 Hotel FM «Change» Engelsk 77 17 111 4 2012 Mandinga «Zaleilah» Spansk og engelsk 71 12 120 3 2013 Cezar «It's My Life» Engelsk 65 13 83 5 2014 Paula Seling og Ovi «Miracle» Engelsk 72 12 125 2 2015 Voltaj «De la capăt (All Over Again)» Rumensk og engelsk 35 15 89 5 Ovidiu Anton «Moment of Silence» Engelsk colspan="4" 2017 Ilinca med Alex Florea «Yodel It!» Engelsk 282 7 174 6 2018 The Humans «Goodbye» Engelsk colspan="2" rowspan="2" 107 11 2019 Ester Peony «On a Sunday» Engelsk 71 13 Roxen «Alcohol You» Engelsk colspan="4" 2021 Roxen «Amnesia» Engelsk colspan="2" 85 12 2022 Wrs «Llámame» Engelsk og spansk 65 18 118 9 2023 Theodor Andrei «D.G.T. (Off and On)» Rumensk og engelsk colspan="2" 0 15 colspan="9" 2026 «» Engelsk
Røystehistorikk Finalane
+ Romania har gjeve flest poeng til# Land Poeng 01 163 02 109 03 83 04 80 05 70
+ Romania har fått flest poeng frå# Land Poeng 01 149 02 142 03 96 04 69 05 65
Semifinalane (2004-2021)
+ Romania har gjeve flest poeng til# Land Poeng 01 88 02 69 03 59 05 58
+ Romania har fått flest poeng frå# Land Poeng 01 108 02 86 03 63 04 60 05 59
Galleri
Sjå òg Romania i Junior Eurovision Song Contest
Referansar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Romania i Eurovision Song Contest» frå , den 30. mars 2021.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Musikktevlingar