Laurence Neil «Lol» Creme () er ein engelsk musikar og musikkvideoregissør, mest kjend for arbeidet sitt med 10cc. Han syng og spelar gitar og klaverinstrument.

Biografi

«Lol» er eit traisjonelt engelsk kallenamn for Laurence. Medan han gjekk på kunstskule i Birmingham møtte han Kevin Godley. Dei starta fleire band i lag, mellom anna 10cc, og i 1976 slutta dei begge to i 10cc for å starte Godley & Creme. Paret vart seinare aktive musikkvideoregissrar og arbeidde med band som Yes. Creme regisserte den jamaicanske komedien The Lunatic frå 1991.

I 1988 vart Creme medlem av bandet Art of Noise, med Anne Dudley og Trevor Horn, og regisserte videoar for artistar som spelte med dei, som Tom Jones. Creme arbeidde seinare meir med Horn, inkludert bandet Producers i lag med Chris Braide og Steve Lipson.My Space The produsents' My Space website

Sjå òg Godley & Creme

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lol Creme» frå , den 16. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Art of Noise-medlemmar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Engelske jødar Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske musikkvideoregissørar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Jødiske musikarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:10cc-medlemmar