«Whatever You Want» er ein song framført av Tina Turner. Han vart skriven av Arthur Baker, Fred Zarr og Taylor Dayne for albumet Wildest Dreams i 1996 og er kjend for dei mange energinivåa og den sterke vokalprestasjonen, orkesterarrangementet og den komplekse produksjonen til produsenten Trevor Horn.

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og var opningsnummer under Wildest Dreams-turneen hennar i 1996. Singelen nådde topp 10 i Finland og Italia og topp 20 i Nederland, New Zealand og Sveits.

Musikkvideoen var regissert av Stéphane Sednaoui og syner Turner med futuristiske spesialeffektar rundt seg. Spesialeffektane vert kraftigare etter kvart som songen går.

Innhald Det kom to versjonar av CD-singelen med alternative miksar av songen, ein lengre seks minuttar lang versjon og ein miks av Turner sin versjon av Massive Attack-songen «Unfinished Sympathy», the Extended Olympic Mix. Det vart òg gjeven ut 12"-vinylsinglar, inkludert club-miksar av «Whatever You Want» av produsentane Todd Terry og Arthur Baker. Ein av Todd Terry-miksane, Tee's Frozen Sum Mix, vart seinare gjeven ut på ein av dei europeiske versjonane av CD-singelen «Missing You».

Europeisk albumversjon – 4:52 Extended version (omtalt som «album version» på somme europeiske CD-singlar) – 6:03 Alternative Mix – 4:48 Tee's Frozen Sum Mix/Todd Terry Mix – 6:49 Tod's Rubber Dub Todd's Mix 1 Todd's Mix 2 Todd's Mix 3 The Massive Jungle Mix (Arthur Baker) Remix (Arthur Baker) Amerikansk albumversjon – 4:31

Lister

Vekeslister Liste (1996) PlasseringAustralia (ARIA) 94scope="row" scope="row" Europa (European Hot 100 Singles) 23scope="row" Tyskland (GfK Entertainment) 53Italia (Hit Parade Italia) 5scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row"

Årslister Liste (1996) PlasseringItalia (Hit Parade Italia) 56Nederland (Dutch Top 40) 200

Andre versjonar Songen vart gjeven ut som singel i 1998 av Taylor Dayne på albumet Naked Without You. Denne vart remiksa av Soul Solution og vart ein club-hit.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Whatever You Want (Tina Turner song)» frå , den 16. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Taylor Dayne-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Stéphane Sednaoui Kategori:Songar skrivne av Fred Zarr Kategori:Songar produserte av Trevor Horn Kategori:Songar skrivne av Arthur Baker Kategori:Songar skrivne av Taylor Dayne Kategori:Songar frå 1996 Kategori:Parlophone-singlar