John Flamsteed () var ein engelsk astronom og første Astronomer Royal. Han katalogiserte 3000 stjerner.Robert Chambers, Book of Days Han gjorde Karl II merksam på at ein trong nye og gode observasojnar, særskild til bruk ved å finne lengde- og breiddegrader til sjøs, og dette førte til opprettinga av Greenwich-observatoriet (1675). Flamsteed vart den første sjefen for observatoriet (Astronomer Royal 1676–1719). Han kombinerte kikkert med måleinstrument, og brukte nesten 30 år på å samle observasjonar, aleine og under vanskelege forhold. Materialet vart nytta til utarbeiding av ein stor stjernekatalog, Historia Coelestis Britannica (1712, 1725), og eit stjerneatlas, Atlas Coelestis (1729).
Prisar og oppkallingar Medlem av Royal Society (1676) Flamsteed Astronomi Society er kalla opp etter den første Astronomer Royal Krateret Flamsteed på månen er kalla opp etter han. Asteroiden 4987 Flamsteed. Fleire skular og høgskular i Derbyshire er namnsett etter han.
Kjelder
Sjå òg Flamsteedobjekt
Kategori:Engelske astronomar Kategori:Elevar ved Jesus College, Cambridge Kategori:Astronomers Royal Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Derbyshire Kategori:Astronomar på 1600-talet Kategori:Astronomar på 1700-talet