Skuggemaur (Stenamma debile) er ein maur i skuggemaurslekta. Han har ei treg rørsle og spelar daud om han vert uroa.

Arten har ei sterkt avgrensa utbreiing i Noreg, der han er funnen i edellauvskog langs Sørlandet frå Kragerø til Kristiansand. Mogelegvis finst han òg i passande naturtypar på Sørvestlandet.

I Noreg er arten raudlista og rekna som sårbar.

Raudlistevurdering Bestanden er vurdert til truleg kraftig fragmentert fordi arten er svært varmekjær og kresen i habitatvalet slike over halvparten av individa blir antatte å finnast i relativt små og isolerte delpopulasjonar. Spreiings- og etableringspotensialet til arten er lite kjent. Pga. overnevnte påverknadsfaktorar er både førekomstareal og kvalitet på habitata under pågåande reduksjon.

Konklusjon: Skuggemaur er vurdert som sårbar (VU) fordi arten har eit svært avgrensa utbreiingsområde og førekomstareal der bestanden er kraftig fragmentert og kvaliteten på habitatet og tal lokalitetar er i tilbakegang.

mini|venstre|Koloni av skuggemaur i Nedre Timenes i Kristiansand

Kjelder

Skyggemaur - Stenamma debile av Frode Ødegaard, Arnstein Staverløkk og Jan Ove Gjershaug. Utgjeve av Norsk institutt for naturforskning.

Kategori:Broddmaur