Lars Oftedal () var ein norsk prest og politikar fødd i Stavanger. Han var stortingsrepresentant for Venstre frå 1882-85 og for Moderate Venstre frå 1888-91. Oftedal var viktig for bedehusrørsla. Han er òg kjend som grunnleggjar av avisa Stavanger Aftenblad.

Oftedal grunnla avisa Vestlandsposten i 1878, som blei eit viktig organ for «Bonde-Venstre». I 1891 måtte han ta avskjed som prest etter ein sedelegheitskandale. Seinare grunnla Oftedal Stavanger Aftenblad, som han bygde opp til ei leiande regionavis.

Kontrovers I 1887 vart Oftedal angripen av Alexander Kielland i romanen Sankt Hans Fest etter at Oftedal ikkje ville gje Kielland diktargasje. I 1889 kom og Knut Hamsun med eit aggressivt angrep på Oftedal i skriftet Lars Oftedal på oppdrag for Dagbladet. Dagbladet omtala i 2005 dette som «de mest omfattende offentlige angrep noen nordmann er blitt utsatt for i noen avis».Gudleiv Forr, «De nye oftedølene», Dagbladet, 03.06.2005 Seinare har Alfred Hauge levert et forsvar for Lars Oftedal i skodespelet Morten Kruse.

Kjelder Berge Furre: Soga om Lars Oftedal, Oslo 1990 ISBN 82-521-3468-8

Kategori:Norske lutherske prestar Kategori:Norske salmediktarar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Moderate Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger og Haugesund Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Stavanger