mini|Leo Visser under EM 1988

Leendert Visser, kjend som Leo Visser, () er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Haastrecht. Han vart både europameister og verdsmeister i firkamp i 1989-sesongen.

Visser vart i 1988 andremann både i EM i Haag og firkamp-VM i Alma Ata. Mellom dei to meisterskapane tok han sølvmedaljen på 5 000 m og bronsen på 10 000 meter under dei olympiske vinterleikane i Calgary. Sesongen etter var han den suverene einaren både under EM i Göteborg og firkamp-VM i Oslo.

I 1990 enda Visser på tredjeplass då EM fann stad i Heerenveen, vinteren etter kleiv han opp på andreplass på sigerspallen ved EM i Sarajevo. Frå Vinter-OL 1992 i Albertville reiste han heim med to bronsemedaljar, vunne på høvesvis 1500 meter og 5 000 meter.

Visser sette to verdsrekordar, begge i 1987-sesongen.

Også kona Sandra Voetelink var ein habil skeiseløpar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Leo Visser (schaatser)» frå , den 5. november 2016.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten