Amiskwia er ei utdødd dyreslekt frå kambrium som utgjer si eiga rekkje. Ho er berre kjend i nokre få eksemplar frå British Columbia i Canada. Kroppen var gelatinøs og hadde tydeleg hale. Hovudet hadde to tentaklar. Dyret hadde ei lengd på 2–3 cm. Dei symde truleg fritt i vassmassane.
Kjelder
Kategori:Virvellause dyr frå kambrium Kategori:Burgess Shale-fossil